G 14-laget til Sunnylven med trenarar og oppmann i Ørstahallen måndag kveld.
Sunnylven G14 møtte vinnar av avdelinga på bortebane måndag. Ørsta var gode og vann 7 – 1.
Det «ramla» inn to mål før det var gått fem minutt av kampen mellom Ørsta og Sunnylven i Ørstahallen måndag kveld. Topplaget i avdelinga var gode og har vunne alle sine kampar denne hausten.
Men Sunnylven med like mange jenter som gutar i spelarstallen kjempa godt i to omgongar på 35 minutt kvar. Og det var langt frå urettferdig at laget i raudt reduserte til 1-2 halvvegs i fyrste omgang, eit mål Jakob sette hardt og utagbart i nota.
Sunnylven var stadig frampå, men fekk ikkje fleire mål i denne kampen, sjølv om det var nære på fleire gonger.
Derimot var det Ørsta som donka ballen i nota tre gonger til i fyrste omgang, og to i andre. Det vart ein sikker og solid siger til tabellvinnaren også i denne kampen.
Mange på Sunnylven spela ein flott kamp i Ørstahallen måndag kveld. I mål var Elias god, og mellom fleire av spelarane på bana tykte vi Tuva Marie gjorde ein god kamp.
Sjølv om seriespelet er ferdig for laget denne sesongen vil trenar Eivind Louis Helset halde fram med fotballtrening minst ein kveld i veka. I alle høve så lenge bana er fri for snø.
Elias i Sunnylven sitt mål spela ein god kamp og redda laget frå eit større tap.
