Torsdag 6. november arrangerer Sunnylven IL trimgruppa treff til trimposten i Kjellstaddalen.
Trimgruppa har årleg arrangert trimtreff i mørke til ein av dei nære trimpostane. Kveldsturar i mørke har gått til Frøysadalen, men dei aller fleste har enda opp ved Nedstevatnet eller i Kjellstaddalen.
Torsdag 6. november er det ny kveldstrim til Kjellstaddalen.
Det blir registrering frå klokka 18.00.
Ein halv time seinare blir det trekking av premiar mellom dei frammøtte.
Rune, Karolin og Arild blir trimvertar denne kvelden. Vi håper veret blir bra og frammøtet godt. Velkomne alle trimfolk, skriv trimgruppa i Sunnylven IL.
