19. november 2025

Vafle- og svelefest på Kyrkjelydshuset

Desse tre sytte for velsmakande vafler og sveler på laurdag. Frå venstre: Anne-Lise Hasle, Eli Westphal og Mia Sjåstad

Sunnylven Pensjonistlag inviterte alle pensjonistar over 60 år til eit ope arrangement på Kyrkjelydshuset laurdag ettermiddag.

Bakgrunnen var at Pensjonistforbundet hadde ei aksjonsveke som pensjonistlaget gjerne ville markere. Så laurdag stilte dei opp med gratis vaflar og sveler, kaffi og te. Dette vart svært godt motteke, då trass i dårleg ver, så mange som eit femtital personar var innom Kyrkjelydshuset dei timane arrangementet varte. Maten var sett ut på eit langbord, og her måtte det fleire gonger etterfyllast. Det sytte tre frå styret for, der dei på kjøkkenet var i full sving med takke, vaffeljarn og kaffitraktarar. Utgiftene tok Pensjonsforbundet.

Det sosiale er også viktig
Rundt borda gjekk samtalen livleg, og det var tydeleg at dei frammøtte kosa seg.
–  Det er hyggjeleg å møtast slik å få seg ein god prat, var det fleire som sa.
Det vart frå styret også orientert om arbeidet i pensjonistlaget, og kva for fordelar ein har som medlem i Pensjonistforbundet. Like eins korleis forbundet arbeider for å betre tilhøva både økonomisk og praktisk for pensjonistane. Sunnylven Pensjonistlag fekk fleire nye medlemmar denne dagen.
Det var også sett fram mange «lopper» som folk kunne få kjøpe rimeleg.

Takk til Sparebanken Møre
Utstyret som vart brukt på kjøkkenet laurdag var nyleg kjøpt inn av pensjonistlaget. Det var både ei takke, to vaffeljarn, to kaffitraktarar og ei kjøkkenmaskin. Midlar laget har fått frå Sparebanken Møre dekte det aller meste av utgiftene til dette, noko som laget er svært takksame for.

 

 

 

 

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info

Vis alle innlegg av Gunnar Sårheim Fivelstad →