Dagleg leiar Ole Ringdal hadde grillpølser frå bedrifta å by på, mellom anna til partileiar Trygve Slagsvold Vedum.
Fleire media og mange partifeller møtte opp då SP-leiar Trygve Slagsvold Vedum besøkte Hellesylt tysdag.
Etter eit besøk på Sunnylven omsorgssenter kom partileiar i SP, Trygve Slagsvold Vedum til badestranda på Hellesylt. Dit kom også fleire frå media, og partifeller for å utveksle synspunkt om forslaget til det framlagde statsbudsjett, og her fekk alle smake på grillpølser frå hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt, Ole Ringdal AS der dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal var grillmeister.
Til stades på badestranda på Hellesylt var også stortingsmann frå fylket, Geir Inge Lien, Sp. t.h.
Det var utspelet i høve statsbudsjettet for 2026 som stod i fokus i debatten og som dei mange frammøtte frå media, frå NRK, Tv2, lokale leiarar og personar, og fleire lokalaviser ville ha kommentar til frå Vedum.
Det var her på badestranda på Hellesylt at han og statsminister Jonas Gahr Støre var for eitt år sidan. Der lova mellom anna statsministeren ting som no er fjerna i forslaget til statsbudsjett og som Vedum og Sp har reagert kraftig på.
Vedum svara viljug til alle, og svaret var som tidlegare kjent, at Senterpartiet krev at Arbeiderpartiet snur og ryddar opp og går tilbake til det dei lova for eitt år sidan, fjerning av billettprisar på ferjer og sletting av studielån med inntil 25.000.- pr. år.
Dette har blitt eit salig rot som Sp krev rydding i før dei eventuelt går til budsjettforhandlingar med Arbeiderpartiet, det var den klare beskjeden som partileiar Trygve Slagsvold Vedum gjentok på Hellesylt.
Samlinga på badestranda på Hellesylt varte i ein god time. Etterpå skulle Vedum og fleire ha eit kort møte på Hellesylt før partileiaren igjen drog tilbake til Oslo med fly frå Hovden.
Hege Ringdal er nyutdanna og flytta heim til Hellesylt for å få glede av ordninga med studielån som var lova.