17. desember 2025

Evalueringsmøte for Hellesyltdagane

 

Hovudkomiteen til Hellesyltdagane inviterer til eit ope evalueringsmøte på Sunnylven samfunnshus tysdag 02. desember kl. 19:30

Komiteen for Hellesyltdagane 2025 kallar inn til møte for «ris og ros» for arrangementet i 2025. Arrangementet var stort og folkerikt, av dei best besøkte nokon gong.
På møtet på Sunnylven samfunnshus 2. desember kan ein kome med synspunkt på arrangementet, om ting som var sakna og om anna som kunne vore gjort betre.

Snart er det ein ny sommar og ein må ha som utgangspunkt at det blir skipa til nye sommardagar på Hellesylt. Då treng Hellesyltdagane folk, så alt no håper vi at nokon kan tenke seg å bidra inn i dei ulike komiteane og vere ein del av arrangementskomiteen. Vi håper dei folkerike dagane vil utvikle seg og halde fram som ei årleg festhelg på Hellesylt, skriv årets sommardagkomitè, og legg til;

-Mange er i sving ei slik helg, og mykje skal på plass for å sikre at innbyggarar og besøkande får gode dagar i bygda. Ønsket er sjølvsagt Hellesyltdagar også i 2026 og arrangøren håper difor mange vil ta turen til møtet 2. desember og dele viktige og konstruktive innspel til vidare arbeid.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →