17. desember 2025

Bingo og premiefest

Fotballgruppa i Sunnylven IL arrangerer bingo og premiefest for fotballsesongen 2025 på Sunnylven samfunnshus søndag 9. november.

Frå facebook har vi saksa at det søndag 9. november blir stor premiefest for alle fotballag i Sunnylven IL. Då  får alle spelarar på årets lag sine blanke trofe utdelt på scena i Sunnylven samfunnshus.

Festen med bingo startar klokka 13.00 med tre spel og med sal av 21 og lykketal, og i pausen blir det høve til å kjøpe seg kaffi og kaker. Deretter blir det så utdeling av premiar til alle dei unge fotballtalenta i klubben, før bingo held fram med nye spel.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →