17. desember 2025

Elevar fekk spanande hefte

Her er elevane frå 3. og 4. klasse med hefta sine.

Sist torsdag fekk fyrst elevar frå 3. og 4. klasse eit flott og spanande hefte. Litt seinare kom 5. klasse og fekk heftet frå Ullstein Mållag.

I alt 17 elevar og lærarar frå Sunnylven skule kom til Sunnylven biblioteket torsdag der dei fekk eit hefte av Ullstein mållag. Det fargerike bladet, støtta av Stranda mållag hadde det enkle mamnet Inn, og med ei interessant historie skrive av Maria Parr og illustrert av Åshild Irgens.
Historia hadde fått namnet «Oskar og eg, berre ein katt».

Det var ei spanande og interessant historie å lese, men der var også andre ting som fange interesse hos elevane, som teikneseriar, lesetips om fleire bøker, og ei teikning av katten og kråka som kunne fargeleggast. Og på dei siste sidene i heftet var eit Fotballkryssord, og ei større teikning med bokstavar som skjulte 13 ord som hadde noko med mat å gjere.

Det var tydeleg ei kjekk gåve å få, for elevane sette seg fort ned for å blade i heftet.
I alt 12 elevar frå 3. og 4. klasse var innom biblioteket like etter lunch, og eit par timar seinare kom fem elevar frå 5. klasse for å få det same heftet utdelt gratis.

Også fem elevar frå 5. klasse fekk utdelt kvar sitt hefte.

På biblioteket tok frå v. styrar Martine Rørstad Sand og Liv Marit Hauso imot elevane, her saman med lærar Inger Marie Bakke.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →