13. desember 2025

Flott konsert med Volda Vgs.

I Volda kyrkje var elevar frå Volda vidaregåande skule samla til konsert torsdag. Det vart ei ugløymeleg kveldsstund i ei fullsett kyrkje.

Årleg har musikklinja ved Volda vidaregåande skule konsert i Volda kyrkje like før jul. I år var det trettiande gongen elevane var samla med song og musikk av både kjente og mindre spela melodiar. Det vart nær to timar der aktørane imponerte stort til stormande applaus frå ei fullsett kyrkje.

Repertoaret var rikt og variert, frå salmar, folketonar og gospel til rock, både der alle i koret var samla, eller der elevar stod fram enkelvis saman med gode musikarar med vakre songar. Der var mange talent å høyre og som vi trur har ei god framtid innan nettopp song og musikk.

Det heile starta med koret i «Here comes the sun» og » You raise me up», ein samsong mellom 82 elevar med dirigert Siv Kristin Aurdal og med musikk av elevar ved skulen. Alt då fekk det store publikummet prov på at kveldsstunda ville bli både vakker og imponerande.
Deretter heldt konserten fram med både kjente og mindre spela songar, og med vokalistar og musikarar på trompet, fiolin, cello, trekkspel og piano.

Å trekke fram innslag som imponerte meir enn andre er uråd, det var eit høgt nivå på alt, nesten så vi ikkje trudde det var elevar frå den vidaregåande skulen vi fekk høyre stå fram på den improviserte scena. Men det var det, det var elevar frå 1. til 3. årskull ved musikklinja ved Volda vidaregåande skule.
Etter framføring av songar som «Jeg skal finne deg», «Mitt hjerte er ditt», «Take me to the Alley», og «Nordnorsk julesalme» vart det heile avrunda med «Bridge over troubled water».

Kveldsturen med konserten i Volda kyrkje vart berre ei stor oppleving, eit minne vi vil huske lenge.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →