Tore Renberg.
To forfattarar kjem til Stranda folkebibliotek, tysdag 18. november Tore Renberg, og måndag 24. november Oddgeir Bruaset, begge dagar klokka 19.00.
Om arrangementet med Tore Renberg:
Renberg vil snakke om nynorskromanane «Lorden», «Tollak til Ingeborg» og «Du er så lys». Han er ein av landets mest folkekjære forfattarar, kjend både for gjennombrotsromanen «Mannen som elsket Yngve», «Teksas»-serien og ei rekkje enkeltromanar.
Arrangementet finn stad i Stranda folkebibliotek på Storfjord Kulturhus, i 2. etasje.
Det er gratis og ope for alle.
Oddgeir Bruaset.
Om arrangementet med Oddgeir Bruaset:
Høyr og møt Oddgeir Bruaset, som presenterer boka «Vegen som vart min». Her deler han personlege minne frå oppveksten i Bygde-Noreg og frå arbeidet med dei mange livshistoriene i den folkekjære tv-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Boka byr på refleksjonar og inspirerande forteljingar frå eit levd liv.
Arrangementet finn stad i Storsalen på Storfjord Kulturhus.
Det er gratis og ope for alle.
