Det svinga lett og lystig mellom unge dansarar frå Hellesylt UL.
Årets trivelige dansetime opplevde mange i Sunnylven samfunnshus laurdag. Der svinga barneleikarringen seg lett og ledig.
På andre laurdag i november inviterte barneleikarringen i HUL til danseframvising i Sunnylven samfunnshus. Det vart ein triveleg time både for dansarar og publikum.
Mange kom for å få med seg dansen til dei unge aktørane, eit høgdepunkt etter mange dansetimar i haust. I to bolkar med kaffi og kaker midtvegs, svinga dei unge seg med lette steg i fleire dansar.
Det var reinlender, polka og vals, men også dans til berre allsong, som «Tidt eg minnest ein gamal gard». Med slikt program vert det mykje applaus frå dei frammøtte.
Leiar for dei unge dansarane er Wenche Høgalmen Ringdal og Marthe Hjellbakk Hole. Dei gjer ein flott jobb, både som konfransier under dansetilstelninga og som instruktørar med mange øvingar gjennom året.