19. november 2025

Hjortejakta mindre enn i fjor

Det er vel halvvegs i hjortejakta i Stranda kommune. Resultatet viser ein nedgang i felte dyr i høve til i fjor.

Hellesylt.info har fått talet på felte dyr i Stranda kommune så langt i jaktperioden. Det viser ein nedgang i høve til same tid i fjor på 57 dyr.
Men kommunen har mykje hjort, og i området er det sett og talt heile 5360 dyr. Kanskje har fellinga av ferre dyr ei årsak i det gode veret, at dyra står høgare enn vanleg.
I heile kommunen er det felt 73 vaksne hann-dyr, 74 vaksne ho-dyr, 62 unge hann-dyr og 43 unge ho-dyr. For kalvar er tala 47 for begge kjønn. Totalt er det felt 346 dyr mot 403 på same tid i fjor.

I Sunnylven er talet 164 felte dyr den 4. november.

Nedre Sunnylvsbygda:
Vaksne hann 8
Vaksne ho- 5
Ungdyr hann 4
Ungdyr ho- 0
Kalv hann 4
Kalv ho- 2          tils. 23.

Øvre Sunnylvsbygda:
Vaksne hann 11
Vaksne ho- 11
Ungdyr hann 10
Ungdyr ho- 8
Kalv hann 7
Kalv ho- 4            tils. 51.

Langedalen:
Vaksne hann 9
Vaksne ho- 24
Ungdyr hann 14
Ungdyr ho- 9
Kalv hann 10
Kalv ho- 9              tils. 75.

Oladsbygda:
Vaksne hann 4
Vaksne ho- 2
Ungdyr hann 2
Ungdyr ho- 2
Kalv hann 4
Kalv ho- 1                tils. 15.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →