17. desember 2025

Julebord i Bygdekvinnelaget

Det var godt frammøte på julebordsamlinga til Sunnylven bygdekvinnelag 

Sist fredag inviterte Sunnylven bygdekvinnelag til samling og julebord på Sunnylvsbygda grendahus. Med inviterte gjester talde festflokken vel 40 personar.

Tekst/foto: Privat

Snøen låg rik ute, men veret var godt då Sunnylven bygdekvinnelag inviterte medlemer og andre til julebord i Sunnylvsbygda grendahus fredag kveld.
Det er alltid eit rikt og godt matbord som blir sett fram når bygdekvinnelaget inviterer til fest. Slik var det også denne gongen etter at leiar i bygdekvinnelaget, Gunhild Kvam hadde ønska alle vel møtt.
Som vanleg var det pinnekjøt med meir som kom på bordet, og etterpå fekk alle servert dessert og kaffi. Og sjølvsagt vart det mykje prat om både «laust og fast» mellom dei 40 frammøtte.

Av program nemner vi at Anne Marie Sømoen Frøysa las ei litt juleprega forteljing, og Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim song og spela, mellom anna vakre «Mitt hjerte alltid vanker».

Det vart ei hyggeleg samling på julebord i Sunnylven bygdekvinnelag også i år. Arrangementet går på omgang mellom bygd og dal, så neste år er det Tronstad grendahus som blir samlingsstad.

Kristin Storstein spela og song, i lag med Oddbjørg Stadheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →