Kjente og kjære julesongar tona ut på Hellesylt fyrste søndag i advent. Der vart julegrana tend på Ole Ringdal`s plass, og etterpå var det gudsteneste.
Mange kom til Sunnylven skulekorps sin kafè på samfunnshuset fyrste søndag i advent. Her var det sal av kaffi og kaker, og mange aktivitetar for dei yngste med klipping og måling, og tillaging av adventspynt.
Klokka kvart over tre var det så klart for å tenne julegrana i Hellesylt. Eit flott grantre var rigga opp av Stranda kommune også i år, og når lysa kom på var som alltid Sunnylven skulekorps og dirigent Trond Otto Berg på plass og spela julesongar slik dei alltid har gjort i ei årrekke.
Sjølv om korpset stilte med ferre musikarar denne gongen enn vanleg, var juletonane framifrå og like vakre som alltid frå dei unge musikarane. Det vart mange kjende og kjære julesongane, noko som samla ein stor flokk av unge og eldre som gjekk rundt det flotte grantreet.
Ei fin feiring av advntstida som no er koma, og av tenning av julegrana på Hellesylt.
Lysmesse i kyrkja
Litt etterpå på fyrste søndag i advent var det tid for lysmesse i Sunnylven kyrkje.
-Det er godt å kome hit til kyrkja i ei travel adventstid, sa sokneprest Ann Kristin Langeland då ho ønska alle vel møtt.
Fire av årets konfirmantar var med som hjelpte under gudstenesta, og der det som alltid tona vakkert frå kyrkjeorgelet til salmesongen. Langeland heldt preika, og dei fire konfirmantane hjelpte med tekstlesing og tenning av adventslys i den sjuarma lysestaken. Ei vakker stund i kyrkja, ei samling som gjerne skulle ha vore besøkt av fleire.
Neste gudsteneste i Sunnylven kyrkje er på julaftan klokka 16.00.
