17. desember 2025

KorNøye til Sunnylven kyrkje

KorNøye frå Stranda under konserten i Sunnylven kyrkje i 2024

KorNøye kjem med julekonsert til Sunnylven kyrkje søndag 7. desember klokka 19.00.

Det har blitt tradisjon at mannskoret KorNøye frå Stranda kjem til Sunnylven kyrkje litt før jul.
Koret var i kyrkja også i fjor og imponerte dei mange frammøtte.
Etter at koret har konsert i Stranda kyrkje på laurdag 6. desember er songarar og musikarar på plass i Sunnylven kyrkje dagen etter. Dei kjem med ein konsert, full av kjende og kjære julesongar og som vi trur blir ei gla`stund for mange i kyrkja.

I fjor talde vi femten songarar i koret som har Kjellaug Oma som dirigent.
I år er i tillegg med fire musikarar, Harald Overvoll, piano, Evgenii Zhukov, tverrfløyte, Sveinung Utgård, kontrabass, og Halstein Kurseth, trommer og gitar.
Konfransier under konserten er Ellen-Beate Wollen.

Billettar kan ein kjøpe på nettet, eller i døra frå ein halvtime før konserten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →