17. desember 2025

Mange kom på julemesse

Besøket var godt då Sunnylven bygdekvinnelag inviterte til julemesse på Sunnylven samfunnshus.

Mange kom på julemessea til Sunnylven bygdekvinnelag. Veret ikkje var bra, men inne på samfunnshuset var maten god og mange flotte varer.

Det var stort frammøte på julemessa til Sunnylven bygdekvinnelag også i år. På Sunnylven samfunnshus kom mange og fekk kjøpe med seg heim både flotte gåveartiklar og andre nyttige varer til jul.
I vestibyla og den store salen hadde seljarane stilt ut alle varene dei hadde med, både foto, strikka og sydde tøyvarer, og andre pyntegjenstander som høvde både som julegåver og meir.

Her var også smakfulle varer, som røykalaks i fleire variantar. I det heile eit rikt utvalet varer, svært variert og som fanga interesse hos mange etter det vi kunne sjå.
Også på uteområdet vart det salg, og der kunne ein få kjøpt kålrot, julenek, og sekkar med god og tørr bjørkeved.

Frå kjøkkenet serverte bygdekvinnelaget risgraut, pynta med det ein ville ha av smør, rosiner, kanel og sukker, alt etter eige ønskje, og i tillegg kunne ein kjøpe kaffi og fleire gode kaker.
I det heile var det ei julemesse som mange kom for å sjå og handle frå, ei av dei gode frå Sunnylven bygdekvinnelag. 

Her studerer Angelika Fivelstad kalenderar som Eivind Louis Helset hadde for sal.

Leiar i Sunnylven bygdekvinnelag, Gunhild Kvam tykte julemessa hadde gått svært bra også denne gongen. Det var litt færre utstillarar enn tidlegare, men mykje folk som kom sjølv om veret ikkje var det beste. Og alt hadde gått som planlagt så ho var nøgd med gjennomføringa.
-Vi vil nok førebu oss på ei ny julemesse også neste år, sa Gunhild Kvam.

Gunhild Kvam er leiar i Sunnylven bygdekvinnelag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →