Mange møtte fram på sanitetslaget sin laurdagskafè.
Om det var gode kaker og kaffi eller eit rikt bord med lottogevinstar som frista veit ikkje vi, men sanitetslaget sin laurdagskafè var godt besøkt.
Veret var ikkje det beste, men det passa nok godt for Sunnylven sanitetslag. Dei hadde sin faste laurdagskafè denne laurdagen midt i november. Til pynta bord i den vesle salen på samfunnshuset kom det mange, nesten fullt i tre timar, eller så lenge laurdagskafeen var open.
Her var det godt prat mellom kjenningar, sal av kaffi og kaker, og tombolalodd med både smakfulle og tenlege gevinstar. Ei rett så triveleg ettermiddagsstund ein laurdag nær advent.
Leiar i Sunnylven sanitetslag, Hilde Langlo Brekke var godt nøgd med besøket på laurdagskafeèn.
-Det var godt frammøte nesten heile tida vi hadde ope. At det kom så mange er vi glade for, då fleire var ute av bygda, både på julehandel og mellom anna på julebord for den største bedrifta i bygda.
Det seier Hilde då vi møtte henne under oppryddinga på samfunnshuset laurdag.
Gevinstbordet var fullt hos sanitetslaget, men etter kvart minka det mykje.
Men sanitetslaget tek ikkje julefri enno. Om to veker under julemessa på Hellesylt har laget også i år adventsstund med kaker og kaffi til bebuarane på omsorgssenteret. Og litt seinare i desember er det pakking av «julegåver» som frivilligsentralen deler ut, og juleverkstad på skulen der sanitetslaget syter for bevertninga til elevar og lærarar.
Men då er året omme for sanitetslaget, seier leiaren.
