Tilsette ved Ole Ringdal AS kunne feire edelt metall under NM i kjøttprodukter. Frå venstre Jens Arve Forbord, Per Kjell Leite, dagleg leiar Ole A. Ringdal og Lars Kristian Hjelseth.
NM i kjøttprodukter 2025 vart halde i eventstaden Ambassaden i Oslo 12. november. Mellom 600 produkt sanka Ole Ringdal AS edelt metall for fleire kjøttprodukt.
Nok ein gong vart det suksess og rosande omtale for produkt frå Ole Ringdal AS på Hellesylt i NM kjøttprodukt.
Til stades under arrangementet i Oslo var Ole A. Ringdal, Per Kjell Leite, Jens Arve Forbord og Lars Kristian Hjelseth.
Frå den skarpe konkurransen med andre kjøttproduserande bedrifter kunne kjøttvarebedrifta på Hellesylt nok ein gong ta med heim både diplom og mykje edelt metall. Desse produkta var mellom dei beste i NM;
Gull, urøykt pinnekjøtt,
Sølv, Ribberull,
Bronse, urøykt julepølse, røykt julepølse, og grytekjart pinnekjøtt.
-Gratulerer til våre kjekke, flinke ansatte som leverer strålande kvalitet nok ein gong i NM for julemat.
Takk også til våre lokale bønder som leverer topp råstoff og ser verdien av lokalt slakteri, og lokale arbeidsplassar,- heiter det til slutt i meldinga frå Ole Ringdal AS.
