
Det vart tredje plass for laget frå Hellesylt som deltok på volleyballturneringa på Stranda i helga. Turneringa på Stranda vart arrangert av tredje-klassingane ved Stranda vgs og Vestborg. Heile 15 lag deltok og trass i at spelarane frå Hellesylt berre har trena i tre veker hevda dei seg meget bra. Laget trenar i gymsalen på Hellesylt i helgane og har planar om å halde fram med treningar framover. Jeff er lokal organisator og laget stilte i lånte drakter frå fotballgruppa.