
Søndag 9. november var det premiefest og bingo i Sunnylven Fotball. Mange vann i bingo og enno fleire fekk sine fotballpremiar.
Det var folkerikt i Sunnylven samfunnshus søndag. Der var det bingo med utdeling av fotballpremiar til fem lag.
Alle spelarane kom på scena i samfunnshuset der dei i tillegg til ein premiestatuett fekk mykje rosande omtale for flott spel og god framferd i fotballsesongen 2025, ei utdeling som trenarar og oppmenn for kvart lag sytte for.
Og applausen var god, det var eit engasjert publikum som på denne måten takka dei unge spelarane for ein fin sesong på Hellesylt stadion.
Det hadde vore ein god og morosam sesong for publikum som kom til stadion der det vart positive resultat i mange av kampane sjølv om ikkje alle enda med siger. Ingen av laga vann sine grupper, men det vart plasseringar høgt på tabellen. Klubben stilte lag frå yngste klasser til G og J 16.
Alt i alt hadde det vore ein flott sesong for Sunnylven Fotball, kunne leiar for fotballgruppa Leif Rune Tryggestad slå fast.
Og her er premien alle spelarar fekk av fotballgruppa for sesongen 2025.