Damene frå Sunnylven sanitetslag framfor dei mange fata med velsmakande smørbrød.
Dagen før fyrste søndag i advent inviterte Sunnylven sanitetslag til hyggestund med festmat på Sunnylven omsorgssenter. Det vart trivelege timar for bebuarane.
Det vart trivelege timar for bebuarane på Sunnylven omsorgssenter laurdag der sanitetslaget i Sunnylven inntok kjøkkenet og diska opp med gode smørbrød med variert pålegg dagen før fyrste søndag i advent. Dette har blitt fast opplegg for sanitetslaget, å by på servering av smørbrød med godt pålegg og god kaffi. Slik vart det også i år på laurdag 29. november, og måltidet det fall i smak.
Under adventsstunda på omsorgssenteret var ikkje berre servering av gode smørbrød, men det vart også tid til litt underhaldning. I daglegstova spela unge Jeshan tre songar på pianoet, og den unge musikaren imponerte alle.
Etter at serveringa var over fekk sanitetslaget gode takkeord frå pårørande for tilstelninga og servering til bebuarane, og for ei hyggeleg adventsstund på Sunnylven omsorgsenter.
Unge Jeshan imponerte med å spele tre julesongar på pianoet til pensjonærane.
