Frå Stranda kommune er det sendt søknad om statleg støtte til utbetrande tiltak på Flofjellvegen, ein mykje nytta turveg på sommarstid.
Det er framleis vinterleg, men alt no blir det førebudd utbetringar på Flofjellvegen til våren / sommaren, turvegen mellom Vollset i Sunnylven og Flo i Stryn kommune.
Søknaden og arbeidet har som formål å gje auka tilgjengelegheit til området spesielt for personar med nedsett førlegheit. Området det gjeld er strekninga frå Nedstevatnet til Hestvika ved Stigholsvatnet.
Vegen eller turstien her har særs dårleg stand, og det er der mesteparten av arbeidet vil bli lagt ned, heiter det i søknaden. I dette området er kunnskapsområdet godt, tiltak her vil ikkje vere til skade for naturmangfald og økosystem slik at arbeid ikkje kan utførast. Det som er planlagt er i samsvar med gjeldande planar, og vil ikkje påverke beitemark, heiter det.
Å setje i stand turvegen vil ha positiv verknad for turgåarar, for syklarar og andre som brukar naturen til fiske, overnatting i telt, eller berre fysisk rekreasjon.
Mange besøker området og nyttar den populære turvegen sommarstid, rundt 2500, skriv søkjaren.
Dei søkjer no Møre og Romsdal fylkeskommune om tilskot til utbetring av vegen over Flofjellet som ligg i Stranda kommune.
Det er søkt om tilskot på vel 121.000.- kroner. Arbeid som skal utførast er grusing, rydding av skog, og det skal gravast og leggast ned tre nye stikkrenner.
Vidare må det utførast rydding etter ras i Hestvika ved Stigholsvatnet, og det må utførast reinhald og tømming av tank for toalett ved parkeringsplassen på Vollset.
I kostnaden er det lagt inn eigne middlar frå veglaget med kr. 7.500.-.
