
Stolradene på Sunnylven samfunnshus var fylt opp på søndag. Dit kom unge og eldre for å høyre Fossedur og gjesteartistar spele og synge.
Sunnylven pensjonistlag var arrangør av konsert på Sunnylven samfunnshus søndag 2. november. Pensjonistlaget hadde hyra inn musikarane i Fossedur, Olav Elling Gausdal, Bjarne Sjåstad og Jostein Ringdal, og gjesteartistane Leiv Prestvik og Britt Elise Skram. Med som vokalist var også Oddbjørg Stadheim. Konserten som var i to avdelingar, delt med kaffipause kalla dei «Frå Vømmøldalen til Irland».
Det vart ei reise i vakre tonar i nær to timar, ei fantastisk musikalsk stund, kanskje av dei beste mellom veggane i Sunnylven samfunnshus nokon gong.
Dyktige musikarar og med vokalistar i toppklasse vart ei sjeldan god musikalsk stund på Hellesylt.
Her fekk eit publikum på over hundre høyre tonar og tekst som varma, og som gleda på ein vakker dag fyrst i november. Slikt må vi gjerne få meir av.

Konserten på Sunnylven samfunnshus opna med «Song til friheten» av Bjørn Alfselius og framført av Olav Elling Gausdal med koring av Oddbjørg Stadheim.
Deretter kom Leiv Prestvik med to Vømmøl-viser, » Vakre Maja» og «Vømmøldalens siste vår».
Gausdal følgde så på med «Øpna Landskap», før Oddbjørg Stadheim var vokalist i vakre «Aks av gull».
Til sist før pausen drog Britt Elise Skram opp to springarar på fela si. Det svinga både flott og vakkert, og publikum takka med velfortent applaus for alt det flotte aktørane serverte.
Etter ein kaffipause var det klart for avdeling to i konserten.
Den starta med irske tonar av the Dubliners, og så heldt musikarane fram med enno ein irsk melodi.
Leiv Prestvik hadde meir frå Vømmøl, ein song dei kalla «Elgesæter bru», og deretter var Oddbjørg Stadheim vokalist i «Evig eies kun et dårlig rykte».
Dei to gjestemusikarane spela så to Kjellstad-slåttar, før konserten vart avslutta med ei vise om Irland av og med Olav Elling Gausdal som vokalist.

I nær to timar fekk det talrike publikummet høyre gode artistar framføre både kjende og mindre spela songar. Og applausen var lang og velfortent, det var berre stort å høyre på for unge og eldre i «storstova» på Hellesylt denne søndagen.
Leiar i Sunnylven pensjonistlag, Astrid Langeland takka så mykje for ein flott konsert. Også ho tykte det var svært så bra og rosa Fossedur og gjesteartistar. -Eg la merke til noko i teksten på ein av songare, -vi skal klare det- , det har dokke klart, sa ho og la til;
-Flott også å høyre Kjellstadslåttar, då trur eg mange tåspissar bevega seg.
