17. desember 2025

Sunnylven pensjonistlag med julelotteri

Sunnylven pensjonistlag arrangerer stort julelotteri med flotte gevinstar. Les meldinga frå laget under!

-Gode medlemmer!
Også i år vert det eit stort julelotteri med mange fine gevinstar. Lotteriet vert trekt under julebordet 5. desember.

Vi har no mellom anna selt lodd på dei to daglegvarebutikkane på Hellesylt, men vi ser at vi ikkje når fram til alle medlemmane våre på den måten.

Vi vil derfor tilby ein ekstra måte å få kjøpe lodd på:

*Du kan betale inn på Vipps 654030 den summen du ønskjer å kjøpe lodd for. Kvart lodd kostar kr. 10,-.
* Lodda vert registrerte på namnet til den som betalar inn.
* Før du sender Vippsen, set du ein x i meldingsfeltet under summen. Då veit vi at beløpet gjeld kjøp av lodd i Julelotteriet.
* Når pensjonistlaget mottek innbetalinga, skriv vi fortløpande inn lodda du har kjøpt i loddbøkene.
* Det vert og høve til å kjøpe lodd under julebordet 5. desember.

Med vennleg helsing,
styret-

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →