På fyrste søndag i advent, 30. november blir julegrana i Hellesylt tend til julemusikk av Sunnylven skulekorps, etter fyrst ei samling på samfunnshuset frå klokka 13.00.
Julegrana på Hellesylt blir også i år reist midt i sentrum på Ole Ringdal`s plass. Søndag 30. november blir adventstida innleia med at julegrana i Hellesylt blir tend til musikk av Sunnylven skulekorps, og med gang kring ei lysande julegran av små og store. Det skjer som tidlegare år omlag klokka 15.15.
Det blir ikkje juletombola i år, men i staden blir det adventskafè med pølse med brød, og kaffi og kaker på samfunnshuset frå klokka 13.00. Det melder Sunnylven skulekorps som spelar kjende og kjære julemelodiar når grana bir tend ca. klokka 15.15.
Arrangøren håper at veret blir bra og at mange kjem både på kafè og blir med når grana blir tend på Ole Ringdal`s plass.
