Ivar Fivelstad til v. og Kjell Oddvar Frøysa vart begge utnemt til æresmedlemer i Sunnylven skyttarlag.
Under årsmøtet i Sunnylven skyttarlag vart Ivar Fivelstad og Kjell Oddvar Frøysa utnemt til æresmedlem i laget. Duoen går inn som æresmedlem nr. sju og åtte sidan opprettinga av skyttarlaget i år 1865.
Omtalen under er skrive av Sunnylven skyttarlag:
Tekst/foto: Ola Vangen.
-Både Ivar og Kjell Oddvar har vore to sentrale eldsjele i laget i fleire tiår. Dei har mange år bak seg i skyttarlagsstyret i ulike verv og fleire tusen dugnadstimar med både stort og smått. I tillegg til dugnadstimar og arbeid frontar dei skyttarlaget sine interesser i ulike forum, og har sidan slutten på 80-talet vore med å setje skyttarlaget på kartet konkurransemessig. Med fleire store og uforgløymelege prestasjonar på standplass.
Noko vi særleg ynskje å trekke fram i denne hyllesten er Ivar og Kjell Oddvar sitt engasjerande bidrag i oppgraderinga av skyttarlaget sitt utandørsanlegg. I samarbeid med Sunnylven IL har vi oppgradert utandørsanlegget vårt for omlag 9 millionar kroner. Eit topp moderne anlegg med nytt klubbhus, nye standplassar og utviding av skivekapasitet. Ivar og Kjell Oddvar har vore sentrale pågangsdrivarar for prosjektet og har hatt ulike nøkkelrollar gjennom prosessen.
Skyttarlaget takkar Ivar og Kjell Oddvar så mykje for innsatsen dei har bidrege med hittil, og vi ser fram til mange kjekke stunde saman i framtida-.
Liste over Sunnylven skyttarlag sine æresmedlem:
– Ole Ringdal
– Reidar Kjelstadli
– Rolf Matvik
-Johannes Kjellstad
– Asbjørn Nybø
– Knut Frøysa
– Ivar Fivelstad
– Kjell Oddvar Frøysa
Årsmøtet i Sunnylven skyttarlag feira dei to nye æresmedlemane med kake.