Det er alltid folkerikt under Hellesyltdagane.
Tysdag 2. desember blir det møte på Sunnylven samfunnshus med tilbakeblikk på Hellesyltdagar 2025 og planlegging av nye.
Komiteen for Hellesyltdagane 2025 kallar inn til møte 2. desember med tilbakeblikk på arrangementet dette året. Der blir det også tema om det skal arrangerast nye «dagar» i 2026 og om opplegget skal vere som tidlegare.
Arrangementet helga i juli er stort og folkerikt, eit av dei beste og største på Sunnmøre sommarstid, og det krev innsats av mange i vesle Sunnylven.
Dei møteansvarlege håper mange kjem, og med synspunkt på arrangementet, om ting som er sakna og om anna som bør bli betre.
Mange er i sving ei slik helg, og mykje skal på plass for å sikre at innbyggarar og besøkande får gode dagar i bygda. Ønsket er nok Hellesyltdagar også i 2026 så arrangøren håper mange vil ta turen til møtet 2. desember og dele viktige og konstruktive innspel til vidare arbeid.


