Ved Sunnylven skule gjekk både elevar og vaksne kring juletreet på avslutningsfesten før jul.
Torsdag var det juleavslutning ved Sunnylven skule. Elevane underheldt frå scena, det var gong kring juletreet og til sist enkel servering.
Rektor Torje Bjørneset opna juleavslutninga og ønska alle i ein godt besøkt samfunnshussal vel møtt til fest.
Bjørneset såg tilbake på hausten ved Sunnylven skule, på månader med god læring og mykje anna som elevane hadde vore med på. Dette skuleåret går 52 elevar ved Sunnylven skule.
Etter orienteringa frå rektor var det elevar frå 1. og 2. klasse som fyrst inntok scena. Her vart det mange gode kommentar, og til slutt ein song med stor innleving. Eit flott innslag av unge aktørar som mora publikum mykje.
Elevar frå 1. og 2. klasse underheldt med mykje moro på scena.
Mora gjorde også dei neste programinnslaga, fyrst frå mellomsteget som hadde sett saman fleire korte morostubbar, og som dei krydra med song til slutt.
Som siste innslag kom ungdomssteget på scena med sitt innslag, også det kreativt og med morosamt innhald. Det vart ein triveleg time for dei mange i salen som både klappa og smilte for flotte innslag.
Etter programmet var det gang og song rundt juletreet, og til slutt servering av smørbrød med variert pålegg og kaffi.
Det var på alle måtar ei triveleg juleavslutning på Sunnylven skule nok eit år. Neste skuledag blir 5. januar 2026.
Mellomsteget.
Ungdomsskulen.
Men juletreet som fekk mykje song og gang rundt seg stod ikkje i stil med den flotte julefesten, det må bli større og ikkje stå på ein krakk neste jul.
Kanskje bør skuleeigar Stranda kommune finansiere eit større plasttre til neste år.
Juletreet var henta inn frå vestibyla og plassert på eit lite bord. Det er vel ikkje heilt bra!
