
Verneorganisasjonen for fjord -og fjellgardar, Storfjordens Venner har sendt ut ei fyldig julehelsing til sine medlemer. Eit tilbakeblikk på året som har gått på heile åtte sider.
«Å verne og formiddle kunnskap om kulturminne, tradisjon og kulturlandskap» var eitt av organisasjonen sitt mål i 2025, står å lese innleiingsvis i ei fyldig tilbakemelding på året 2025. Det greidde Storfjordens Venner til fulle også dette året.
I julehelsinga blir mange saker og tema omtala, som ei museumssak, drifta på fjellgarden Ytste Skotet og brygga der, filmopptak av gardar langs Storfjorden, og ikkje minst 50-års jubileet og avduking av monumentet Fjordfolket i Geiranger helga 5 – 7 september.
Dette monumentet som er laga av kunstnaren Ola Stavseng består av tre statuer, ein mann med høybør, mor og barn med riva, og ein slåttekar. Helga med avduking vart besøkt av mange, mellom anna av dronning Sonja som heldt helsingstale. Det gjorde også fleire denne septemberdagen som var ein stor dag i Geiranger i området ved Fjordsenteret, og som blir hugsa lenge av mange.
Arbeidet til Storfjordens Venner det siste året har som tidlegare vore mykje restaurering av gamle hus og anna på fjord -og fjellgardane.
I oversikten frå organisasjonen blir nemt; Restaurering av hus på Hjellen (Ospahjellen), og nystova på Ytste-Smoge som vart plukka ned og frakta til Volda for restaurering.
Også voren i Matvika har blitt reparert.
I 2025 var stemnestaden for Storfjordstemnet på Skageflå i Geirangerfjorden. Frammøtet var svært godt når ein tek omsyn til plassen stemnet var på.
Som opning framførte Trond Otto Berg ei ny fanfare som var laga, Storfjordfanfaren var velkomst til stemnedeltakarane.
Verneorganisasjonen har kvart år gjeve ut eigen kalendar. Den blir ikkje sendt ut til medlemane grunna dyr porto, men er å få kjøpt i butikkar, på hotella og hos gode hjelparar i vid omkrins, står å lese i årsskriftet. Kalendaren kan også kjøpast ved å sende e-post eller ringe til dagleg leiar, (kjetil@verdsarvfjord.no)
Prisen er kr. 190,- pluss porto.
«Gardane langs Storfjorden» har vore ein populær lokal TV-serie. No blir denne serien avslutta då ein ikkje har lukkast å skaffe sponsormidlar til å gjennomføre enno ein sesong. Opptaka i 2025 vart dei siste, står å lese.
Arbeidet med rydding og bevaring av prosjekt i Storfjordområdet er derimot ikkje slutt. Planlagde prosjekt i 2026 er i Djupdalen der tilkomst sjøvegen skal rettast på, det skal ferdigstillast kai/vor i Matvik, på Ytste -Smoge skal det utbetrast på nystova, og på same plass skal skifertaket på stovehuset omleggast.
Til slutt rettar Storfjordens Venner stor takk til mange. Takka går til Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv for godt samarbeid, og det blir retta takk til alle som har stilt opp på dugnad på Ytste Skotet.
Takk også til Sparebanken Møre, Hofseth AS, Møre og Romsdal fylkeskommune og Kulturminnefondet som alle har støtta TV-serien «Gardane langs Storfjorden».
Også Friluftsrådet/Skjærgårdstjenesta får takk for hjelp med frakting av utstyr frå Ålesund og Hellesylt til Matvika, og det same til dei mange som bidrog med gåver og helsingar under 50-års jubileet.
-Sist, men ikkje minst – takk til alle medlemmane våre som medverkar i form av økonomi og engasjement som gjer at vi år etter år maktar å ta på oss nye løft for kulturarven vår-, heiter det til slutt i årsrapporten frå Storfjordens Venner og styreleiar Inge Bjørdal.