Prest Ann Kristin Langeland t.v. og Kristin Storstein framførte eit vakker juleinnslag i ord og tonar.
Omlag halvparten av Sunnylven pensjonistlag sine medlemmer møtte på julebord i laget fredag, til tre trivelege timar med godt program og god mat.
Som tradisjonen er arrangerte Sunnylven pensjonistlag julebord for sine medlemmer på kyrkjelydshuset.
Fredag 6. desember møtte mange og fekk trivelege timar med god mat, song og anna underhaldning.
-Jula handlar om tradisjon og fellesskap, sa leiar Astrid Langeland då ho ønska dei mange vel møtt til julesamlinga. Ho var også innom medlem som hadde gått bort og bad om ei stille stund til minne.
Deretter var det velkomstsong frå songarket som var lagt fram på borda, og songen var andre vers av «Deilig er jorden», til tonar frå tangentar av Kristin Storstein.
Som alltid på julebord i pensjonistlaget var matbordet fylt av det beste også denne gongen
Smak frå Stryn leverte maten til julebordet i pensjonistlaget. Alt, pinnekjøt, ribbe, surkål og poteter smaka fortreffeleg, og ikkje mindre god var desserten med fromasj og riskrem. Og her kunne alle forsyne seg fleire gonger av det smakfulle julebordet.
Til underhaldning under samlinga i kyrkjelydshuset spela og song Kristin Storstein fyrst to songar, og etterpå delte ho julehelsing saman med prest Ann Kristin Langeland til forsamlinga, eit innslag med både gode og lærerike ord og vakker song.
Etter trekking av meir enn 60 gevinstar som laget hadde fått frå bedrifter, fekk forsamlinga til slutt ei kort, men fin helsing av ei dame frå nabobygda Hornindal.
Deretter var julebordet i Sunnylven pensjonistlag slutt og leiar Astrid Langeland ønska alle vel heim.
