Sunnylven kyrkje var nær fullsett søndag kveld. Der hadde gode song -og musikkrefter i Sunnylven den årlege julekonserten, eit høgdepunkt i førjulstida.
Julekonserten i Sunnylven kyrkje vart eit høgdepunkt nok ein gong. Her strøymde juletonar ut av musikk og song frå unge og eldre aktørar. Enno eit år kan vi bruke den kjende formuleringa, vakkert, vakkert…
Det opna som vanleg med Sunnylven skulekorps, nær tjuge gode musikarar som hadde øvd godt på tonane dei fylte kyrkja med. Som tidlegare år kjem tidlegare og eldre musikarar heim og stiller på under julekonserten, ei flott «julegåve» til heimbygda. Dirigent Trond Otto Berg delte ut julegåver til dei fem, noko som var vel fortent.
Sunnylven skulekorps under leiing av Trond Otto Berg
Vi er rause med gode ord til korpset nok ein gong, ei strålande musikalsk stund, og ei «julegåve» som den fullsette kyrkja sette pris på med applaus.
-For meg blir det ikkje jul før denne konserten er ferdig, sa dirigent Berg før han og koret tona ut i «Deg vere ære», og så fylgde det på med både engelske og norske korpstonar. Vi må berre gjenta oss sjølve, vakkert, vakkert….
Og det var meir å glede seg over i kyrkja søndag kveld. Felegruppa med leiar Synnøve Hjellbakk Hole hadde utvida seg med unge elevar på både gitar og slagverk. Det opna med «Sonjas song til julestjerna» og deretter fylgde fleire juletonar.
Her er felegruppa, og med ekstra musikarar på gitar og slagverk.
Imponerte gjorde også Kai-Adam med sitt solospel på gitaren i lag med to andre i musikkgruppa og Erik Torset på gitar, før Tonje Støverstein og Kristen Ringdal song og framførte to songar i lag. Og vi, vi kan bruke det same ordet fortsatt, vakkert, vakkert…
Og så var det unge Otilie frå Stranda. Ei vakker, klar stemme med ein song som varma om hjartet. Slike songfuglar må gjerne kome tilbake til kyrkja også seinare.
Konserten heldt fram med stadig nye, gode aktørar. Kristin Storstein kom med ein song vi ikkje har høyrt før med strofer i teksta «Vi har regn, ikkje snø…», så sant så sant, og takk for det.
Vi fekk meir musikk på fele og gitar av Tonje, Synnøve og Erik, og så ein song med Kristin, Oddbjørg og Gunnar Inge Eide på piano.
Koret «Fryd» var mange og gleda mykje med vakker song.
Koret «Fryd» var siste aktør ut under julekonserten i Sunnylven kyrkje. Rundt tjuge damer, fire frå Stranda starta med Christmas song, eller «God jul», og deretter meir juleinspirert repertoar, også med solo av Kristin i «Maria har du skjønt» og Oddbjørg Stadheim i «O, helga natt». Alt vakkert, vakkert …
Gunnar Inge Eide og Trond Otto Berg gav tonefylgje til avslutninga med «Deilig er Jorden»
Ein stor og meir enn flott julekonsert i Sunnylven kyrkje var til endes. Det var tid for soknepresten å takke aktørar og det store publikum. Ann Kristin Langeland var glad for oppgåva, å takke for ein så flott julekonsert. -Uttruleg at ei så lita bygd kan lage ein slik julekonsert. Og dei som dreg i trådane og får til ein så flott konsert er mange, sa ho. Ann Kristin takka alle, og delte ut ei juleblomst til alle leiarane.
Ho takka også ungdomsgjengen som hadde delteke, alle i kor og korps, og ho ønska til slutt alle vel heim og velkomne tilbake til kyrkja seinare i jula.
Sunnylven kyrkje var nær fullsett under julekonserten søndag.
