22. januar 2026

Julekonsert i Sunnylven kyrkje

Sunnylven kyrkje.

Siste søndag før julaftan blir det julekonsert med gode song -og musikkrefter i Sunnylven kyrkje. Eit høgdepunkt framfor den store julehøgtida.

Song -og musikkrefter i Sunnylven har som alltid øvd i langt tid til julekonsert i Sunnylven kyrkje. Konserten er søndag 21. desember klokka 20.00.
Under konserten deltek Sunnylven skulekorps, Hellesylt songlag, eller koret «Fryd»,  Felejentene, og andre gode song og musikkrefter. Her vil dei gamle, gode julesongane tone ut og fylle den store kyrkja med høgtid.

Mange unge og eldre songarar i «Fryd» har møtt på øvingar dei siste vekene. Dei har førebudd seg godt til julekonserten også i år.
Måndag kveld og ei veke før konserten hadde koret songøvinga på Sunnylven omsorgsenter med underhaldning for bebuarane. Der vart det både julesongar og andre vakre tonar som glede pensjonistane mykje.
Vi kjenner ikkje repertoaret til julekonserten som «Fryd» skal framføre søndag kveld, men det blir nok både julesongar og kanskje andre vakre tonar. Dirigent for koret er Kristin Storstein.

Også skulekorps

Den andre store aktøren under julekonserten og som skaper stemning er Sunnylven skulekorps. Dirigent for korpset er som før Trond Otto Berg.
Med sine tonar av kjente julesongar fargelegg korpset desse julekonsertane så vakkert kvart år. Alltid på plass og med mange gode musikarar i korpsrekkene.
Vanlegvis er det korpset som opnar julekonserten i Sunnylven kyrkje. Truleg blir det også slik i år, etter at dei dagen før har hatt samling og spela juletonar på dei to butikkane på Hellesylt.

Det blir nok  folksamt i Sunnylven kyrkje søndag kveld 21. desember der publikum også får høyre «Felejentene», og også andre gode song og musikkrefter i Sunnylven.
Konserten er klokka 20.00!

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →