Mange kom innom Gamleskulen og førjulstreffet der på laurdag.
Ute stod juletreet og lyste og inne skein det frå julestjerna og frå fleire batterilys. Det var jul på Gamleskulen.
Til god varme frå vedomnen kom mellom 40 og 50 unge og eldre innom Gamleskulen på Hellesylt laurdag og til tradisjonelt førjulstreff. Det vart tre trivelege timar med servering og juletonar frå det gamle trøorgelet som Bjarne Sjåstad spela på nok eit år. Her tona fire – fem av dei mest kjente julesongar ut og publikum sang med. Julestemninga var koma til den gamle skulestova på Hellesylt frå 1898 nok eit år.
Førjulstreffet på Gamleskulen vart ei ny, hyggeleg stund for mange nok ein gong med sal av både kaffi og kaker, og snurrelodd og mange gevinstar.
Her spelar Bjarne julesongar på det gamle trøorgelet på Gamleskulen.
