22. januar 2026

Konsert med KorNøye på søndag

KorNøye blir å høyre i Sunnylven kyrkje søndag 7. desember frå klokka 19.00

Søndag 7. desember kjem KorNøye og dirigent Kjellaug Oma til Sunnylven kyrkje med sin julekonsert.

For andre år på rad kjem mannskoret KorNøye til Sunnylven kyrkje søndag 7. desember. Konserten er klokka 19.00.

Også i fjor var koret i Sunnylven kyrkje og imponerte stort. Dei 12 – 15 songarane blir dirigert av Kjellaug Oma og har mellom anna fleire kjende og kjære julesongar på programmet. Det blir ei gla`stund for alle frammøtte i kyrkja på andre søndag i advent.

I tillegg til koret er desse med som musikarar;
Harald Overvoll, piano
Evgenii Zhukov, tverrfløyte
Sveinung Utgård, konrabass
Hallstein Kurseth, trommer og gitar.

Konfransier er Ellen-Beate Wollen.
Billettar kan ein kjøpe på nett, eller i døra frå ein halvtime før konserten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →