Sunnylven kyrkje var nær fullsett julaftan. Her starta jula med song og korpsmusikk, og gode ord frå soknepresten.
Som vanleg kom mange til kyrkja julaftan for å oppleve song og vakre juletonar ved vikarorganist Lars Karbø på kyrkjeorgel, frå koret Fryd og Sunnylven skulekorps. Ei høgtidsstund som prest Ann Kristin Langeland fylgde opp med ei god og levande preike, med ei skildring av eit Guds-besøk i Sunnylven og som fanga interesse mellom alle i kyrkja.
Kva om Gud kom på besøk, då ville mange i Sunnylven engasjere seg med opprydding, pynting og det ville bli skrive mykje, sa ho.
I ei levande skildring la Ann Kristin ut om besøket, ei hending mange ville sjå på som utruleg stort.
Men nei, gjesten ville nok i staden leite etter det vesle og enkle og møte folk på enkle stader, trudde ho.
Den tenkte hendinga som Langeland ordla om eit slikt besøk, vart lytta til av alle, det vart ei levande forteljing som fanga interesse hos dei frammøtte i kyrkja.
Som mange tidlegare gudsteneste på julaftan var Lars Karbø organist. Den jobben vart godt utført også denne gongen, både på kyrkjeorgelet og på piano til to julesongar med songkoret «Fryd».
Og Kristin Storstein song solo, vakkert med tonefølge frå Karbø på orgel.
Til slutt i julegudstenesta fekk alle høyre Sunnylven skulekorps spele der kyrkjelyden song med i Glade jul, og til aller sist Deilig er jorden.
Ei ny, vakker julegudsteneste var til endes. Mange drog heim med gode minner og opplevingar frå ei høgtidsstemt samling i Sunnylven si flotte, julepynta kyrkje.
