
Bedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt er kjent for gode kjøttvareprodukt. No før jul blir pinnekjøtet bedømt og får topp karakter.
I «NM i kjøtt» blir pinnekjøtet frå Ole Ringdal AS bedømt av fagfolk og får topp karakter. 100 av 100 poeng er svaret og kan vel ikkje få betre omtale.
I kommentaren til bedømminga heiter det;
-Godt modnet og tørket pinnekjøtt med imponerende mørhet og saftighet.
Smaken er perfekt balansert, med jevn modning og tørking som vitner om solid håndverk.
Den fine fargen, pene skivene og den gode duften løfter helhetsintrykket – dette er pinnekjøtt på sitt aller beste-.
Mange har kommentert innlegget til fagfolk som kan lesast på facebook, der gratulasjonshelsingane samlar seg i fleng;
-Har kjøpt, gler meg….
-Henrivende herleg, og så 100 av 100 ….
er to av kommentarane vi har fanga opp.
Den eksklusive julematen fekk som tidlegare skrive 100 av 100 poeng. Vara er Urøykt pinnekjøt frå Ole Ringdal AS, Hellesylt.
Julematen er å få kjøpt i dei fleste daglegvarebutikkane i Møre og Romsdal, og Sogn og Fjordane.
les heile testen her:
https://www.nettavisen.no/okonomi/karer-norges-beste-pinnekjott-i-nm/s/5-95-2710049