22. januar 2026

Øvde til julekonsert

Sunnylven skulekorps stilte mellom Joker og Coop med sine juletonar på Hellesylt laurdag.

Sunnylven skulekorps har gjort unna ei av dei siste øvingane før årets julekonsert i Sunnylven kyrkje. I Hellesylt sentrum gleda korpset mange laurdag.

Tradisjonen tru stilte Sunnylven skulekorps opp og let kjente og kjære julesongar tone ut i Hellesylt sentrum laurdag. Det vart ein god halvtime som varma i kjøleg ver.

Det har blitt tradisjon at skulekorpset presenterer seg ein dag før julekonserten i Hellesylt sentrum. Slik også i år der vi talde kring 12-13 musikarar under leiing av dirigent Trond Otto Berg.
-Det er ikkje heilt jul utan denne minikonserten, sa Trond Otto Berg og var tydeleg nøgd med det korpset presterte.
At korpset stiller på og spelar i bygdesenteret dagen før julekonserten er ein tradisjon mange håper vil vare i mange år enno. Også i år var det mange av dei kjente julesongane eit lite «gatepublikum» fekk høyre, og det klang vakkert, det vart mykje og velfortent applaus som takk til dei unge musikarane.
Meir applaus blir det nok også søndag 21. desember, då blir dei å høyre under julekonserten i Sunnylven kyrkje der også andre gode song og musikkrefter stiller og skaper julestemning nok eit år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →