I Tronstad grendahus blir det fyrst Quiz og deretter dans laurdag 3. juledag.
I Tronstad grendahus blir det liv og røre tredje juledag. Der arrangerer grendalaget fyrst Quiz og deretter blir det svingom i lokalet.
Det går mot ei roleg julehelg i Sunnylven for festglade. Det blir ikkje skodespel med HUL-teatret denne jula på fjerde juledag, og det blir heller ikkje dans på samfunnshuset, får vi opplyst av leiar Marianne Fivelstad.
Men på Tronstad blir det både Quiz og dans på laurdag tredje juledag. Det bekreftar Trond Åge Dyrkorn.
Quiz`en startar klokka 19.00, og deretter blir det dans med musikk av Fossedur. Vi kjem med meir om arrangementet seinare.