22. januar 2026

Reiser sanitærbygg på badestranda

Leiar i badehusstyret Asle Ringdal med teikninga framfor nybygget på badestranda på Hellesylt.

Byggefirma HT Bygg AS har starta arbeidet med å reise sanitæranlegget til Hellesylt UL på badestranda. Til jul er bygget tett med tak og lettveggar.

Heilt frå 2012 har planane om eit omkledning -og sanitæranlegg på badestranda på Hellesylt vore planlagt og snakka om. No er ein årelang draum i ferd med å bli verkelegheit. Det kunne leiar i badehusstyret, Asle Ringdal fortelje om og vise fram då vi var innom badstranda to veker før jul. Snart er bygget på vel 70 kvadratmeter tett med tak og veggar av lett kledning.

Det nye badehuset på badestranda er rekna å koste 3.0 mill. kroner. Så langt kan badehusstyret legge to mill. på bordet så det manglar litt på fullfinansiering enno, seier Asle Ringdal. Han håper mange kjem til med nye bidrag no når arbeidet er i gong, slik som fylket som nyleg sende over ei gåve på heile 204.000.- kroner. -Slikt er vi svært takksame for, seier Ringdal.
Pengegåver kan betalast på Vipps til 111506, eller til bankkonto 3974 20 14065.

Her er teikninga av det nye badehuset 

Bygget på badestranda blir på ein etasje og vel 70.0 kvadratmeter, av det er ca. 59.0 kvm. til innvendig bruk.
Det har vore ein del diskusjon om inndeling av rom, mellom anna vart 6.6 kvm. badstu foreslege teke ut, det same var eit lager for solsenger på 8.5 kvm. Begge desse romma er no framleis med.
Bygget har tre toalett og tre dusjar, også med ein dusj ute.

Som nemt er ikkje bygget finansiert fullt ut enno så leiar i badehusstyret, Asle Ringdal håper bedrifter og private vil bidra slik at ein får på plass også den siste millionen.
No går arbeidet for fullt fram til jul med bygging, og graving av grøft for vatn og avløp. Så til sommaren blir det mulegheiter for både eit toalettbesøk og omkleding før og etter eit forfriskande sjøbad på Hellesylt.

Grøft for vatn og avløp blir no grave mot vegen til småbåthamna.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →