
Etter fakkeltog gjennom Hellesylt sentrum blir det samling i Sunnylven kyrkje på nyttårsaftan klokka 21.00.
Frå soknepresten har vi fått denne påminninga;
Nyårssamling i Sunnylven kyrkje, nyårsaftan kl 21.00
-Når mørket fell, tenner vi lys – og går saman inn mot det nye året, og inviterer vi til ei markering som har vore ein kjær tradisjon i mange år.
Ei stund for fellesskap, håp og ettertanke.
Som vanleg startar fakkeltoget Kl. 20.30 frå samfunnshuset (Ta med faklar, stjerneskot eller hovudlykt).
Toget går via omsorgssenteret og vidare gjennom sentrum, før vi vandrar opp mot kyrkja. På vegen vil kyrkjeklokkene kalle, og landsbykjensla vil sige på.
Om du ikkje ønskjer å gå i fakkeltoget, er du sjølvsagt velkomen til å kome direkte til kyrkja.
I kyrkja ventar ei stemningsfull samling med ord og tonar som gjev rom for alt vi kan kjenne på ein slik kveld.
Aktørane denne kvelden er:
- Roamin Vaude – orgel og piano
- Oddbjørg Stadheim og Kristin Storstein – vokal
- Inghild Storstein og Ingebjørg Saarheim Fivelstad – dikt og bøner
- Ann Kristin Langeland, Fjordaprest – liturg og leiar av samlinga
Gjennom diktlesing, solosongar, musikkstykke og lystenning får vi gå saman inn mot det nye året – med lys og håp i hjarta.
Ta med familie og vener – og bli med på ei stemningsfull stund i kyrkja-
skriv sokneprest Ann Kristin Langeland til slutt.
|
|
|
|