22. januar 2026

Slektsband til Sunnylven for Mattis Stenshagen

Mattis Stenshagen, ein av norges mange gode langrennsløparar har slektsband til Ytste Åkernes. (Arkivfoto)

Måndag 29 desember vann Mattis Stenshagen sitt første store internasjonale renn i langrenn. Slektsrøtene til Mattis går tilbake til farmor frå Sunnylven.

Langrennsløpar Mattis Stenshagen er mellom verdens beste. Måndag vann 29-åringen, med farmor frå Sunnylven, nærmare bestemt frå Ytste Åkneset sitt fyrste store internasjonale renn. Det skjedde under  Tour De ski i Italia at Stenshagen gjekk til topps på 10.0 km.
Norge har mange gode langrennsløparar til start i den internasjonale konkurransen, og ein av dei er Mattis Stenshagen.
Stenshagen har representerte Norge i fleire renn og vist styrke mellom verdenseliten, men dette var fyrste gong han stod øverst på pallen i eit internasjonalt renn.

Per Jarle Matvik med slekt frå Matvik kjenner godt til den gode langrennsløparen og fortel dette:
 -Farmor til Mattis kom frå Ytste Åkneset og heitte Gunnhild Kristine Åkernes. Ho var nummer seks i ein søskenflokk på tolv.
I vaksen alder reiste ho og ein bror saman med eit søskenbarn austover og fekk jobb på Skeikampen hotell. Der møtte Gunnhild mannen sin, ein kjekk kar som heitte Guttorm.
Det blei giftermål og etter kvart fem born, to jenter og tre gutar. Den nest eldste guten fekk namnet Leif Roger og han er far til langrennsløparen Mattis Stenshagen.

Familien Stenshagen er ofte på Hellesylt og med tur til Ytste Åkernes. Før Gunnhild Kristine og Guttorm døde var også dei med, det var ikkje ein god ferie til Hellesylt utan å ta turen til Ytste Åkernes tykte Guttorm. Spesielt lika han godt å fiske i Furnesvatnet-, skriv Per Jarle Matvik, og legg til;

-Ein draum for meg hadde vore om Mattis Stenshagen kunne kome til Hellesylt og ha langrennstrening for ungdom og ungar-!
Det hadde vore stort for fleire enn Per Jarle vil vi tru!

(www.hellesylt skriv dette i januar 2024)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →