Ein dag med ope bibliotek på Hellesylt fekk desse unge elevane kvar sitt «Inn»-hefte av Stranda Mållag.
Stranda Mållag har sendt ut helsing til alle medlemer og ønskje om God jul og Godt nytt år.
Det er rekordmange medlemer i Stranda Mållag. Heile 97 har betalt kontingent i 2025, og no håper laget å passere minst 100 til neste år. Blir ønskjet oppfylt lovar laget ei lita gåve til medlem hundre….
Mållaget har også ei ekstra førjulsgåve å by fram til medlemane sine.
På Løvenvold Theater i Ålesund blir det show med Hildegun og Leif-Per Moltubakk laurdag 14. februar. Til denne underhaldningskvelden har alle medlemer i Mållaget høve til å kjøpe rabbaterte billettar, står å lese i julehelsinga frå Stranda Mållag.
Ein får 100.- kroner i avslag på billetten om ein kjøper før 24. desember.
Ei strålande julegåve som kan tingast på lenke; https://tikkio.com/events/60355
skriv Martine Rørstad Sand i julehelsinga frå Stranda Mållag
