22. januar 2026

Solsnubad i ni grader

Med nisseluene på vart symjeturen kring badehuset gjennomført i 9.0 grader i sjøen.

Søndag 21. desember snur sola. Då vart også det etter kvart årvisse Solsnubadet på badestranda på Hellesylt gjennomført.

Veret var svært bra då Hellesylt Ungdomslag inviterte til det årvisse Solsnubadet på badestranda klokka 12.00 søndag. I år var snøen borte, men ein liten trekk gjorde forholda litt kjølege. For badegjengen var dette heilt akseptabelt, her skulle det hoppast i Sunnylvsfjorden nok eit år, det hadde 21 damer og menn bestemt seg for. Det var nest høgaste deltakartal under sjøbadet på Hellesylt, men ikkje som i 2024. Då var talet heile 35.
Som vanleg var badevatnet på badestranda reint og blankt, og sjølv om det var flo sjø ein time tidlegare var der djupt nok for symjetur rundt badehuset.

Etter den kalde dukkerten stilte alle opp for fotografen.

Ikkje alle kom til badestranda for å bade, mange kom også for å berre sjå på, som vi i hellesylt.info. Og vi er meir enn stolte av gjengen, å gjere unna symjetur i desember i sjøtemperatur på 9.0 grader er berre imponerande sjølv om den var kort.
Alle kom trykt på land etter symjeturen, og etterpå stilte dei viljug opp for fotografering som vanleg.

På land var det god fyr og varme frå fleire bålpanner der Ungdomslaget serverte gratis gløgg til alle.
Eit flott arrangement nok eit år av Hellesylt ungdomslag.

Randi Sæter hadde fulle panner med rykande varm gløgg som ho delte ut gratis

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →