
«Vi hoppar i sjøen klokka 12.00,» er meldinga frå Hellesylt UL i invitasjonen til Solsnubading på badestranda 2025.
Tradisjonen held fram, det blir Solsnubading på badestranda på Hellesylt også i år.
Søndag 21. desember klokka 12.00 er dag og tid for det våte og kalde badet på Hellesylt denne gongen.
Solsnubading på Hellesylt har blitt ein populær tradisjon, men eit arrangement som ikkje kan vere av det mest behagelege slaget.
Kanskje blir ikkje årets dukkert av det verste likevel, for vermannen har i det minste lova varmegrader på land denne gongen. Men badevatnet er nok ikkje av det varmaste slaget, vil vi tru.
Hellesylt UL håper likevel mange kjem, i alle dei tidlegare åra har mange vist at badevatnet treng ikkje vere som på badet heime. I fjor kom heile 35 friskusar av damer og menn og hoppa i sjøen på badestranda. Det var rekord for arrangementet så langt.
Så då er arrangøren spent på antallet under årets sjøbad. Blir det ny rekord i år??