13. desember 2025

Nye Sommardagar neste år

Andesleppet er avslutning på Hellesyltdagane, eit arrangement der mange føl spent med.

Det blir Hellesyltdaga også i 2026. Det var det semje om då komiteen for sommarfesten kalla inn til møte tysdag 2. desember.

Den store sommarfesten på Hellesylt blir etter same opplegg i 2026 som tidlegare med salsboder, underhaldning frå utescena, konkurransar og mykje moro for unge og eldre. Det vart konklusjonen på det to timar lange møtet som arrangementskomiteen kalla inn til på Sunnylven samfunnshus. Rett nok kom det fram kritiske røyster til ein del av det som skjedde i fjor, men slik er det, ikkje alt går utan problm med eit så stort arrangement, eit av dei største sommarstid på Sunnmøre når det gjeld publikumstal.

Hellesyltdagane blir i 2026 arrangert andre held i juli, frå fredag kveld med konsert i Sunnylven kyrkje, liv og moro i sentrum med grilling og underhaldning i Hellesylt sentrum både laurdag og søndag, til premiering av andesleppet søndag ettermiddag. Ei sommarhelg der alle skal ha det triveleg frå morgon til kveld, til glede for alle generasjonar.
På møtet vart det diskutert fleire ting, som billettsal til kyrkjekonserten, spørsmål om messeavisa, til innslag frå utescena i Hellesylt sentrum. Mykje kom fram og sjølv om ting kan gjerast betre blir hovudopplegget som tidlegare, vart konklusjonen.

Det vart lange og gode diskusjonar kring fleire tema, men truleg blir det lite endringar frå tidlegare. Alt har fungert godt vart det sagt sjølv om det til tider blir mange spørsmål og detaljer som skal ordnast.
Då er viktig å ha nok folk som hjelper til, noko det har skorta på ved enkelte høver. Sunnylven er ei lita bygd med få personar som kan hjelpe om dei sjølve har arrangement under dagane.

Vedtaket frå møtet 2. desember vart at det blir Hellesyltdagar 2026 andre helg i juli, og med omlag same opplegg som tidlegare.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →