KorNøye under konsert i Sunnylven kyrkje
Mannskoret KorNøye frå Stranda med dirigent og musikarar kom til Sunnylven kyrkje med konsert andre søndag i advent. Det vart ei minnerik stund for alle.
KorNøye kom til Sunnylven kyrkje for andre året på rad 7. desember. Dei 13 songarane med dirigent Kjellaug Oma og fire musikarar imponerte stort med song frå eit reportoar som inneheldt både julesongar og litt anna.
Saman med mellom 50 – 60 frammøtte i kyrkja vart det ein god time som blir huska lenge, godt å berre kunne slappe av og nyte det heile. Her seig julestemninga på sjølv om kalendaren viste meir enn to veker igjen til julekvelden.
For det vart mange kjende og kjære julesongar i kyrkja denne kvelden. KorNøye opna med Det kimer nå til julefest, og så var det allsong i Det lyser i stille grender.
Og vakre songar, vakkert ramført seig på og vart introdusert på god og utfyllande måte av Ellen-Beate Wollen.
Her får dirigent Kjellaug Oma rosande ord og gåve tildelt av Eldar Gjærde.
Ellen Beate Wollen var dyktig programleiar under konserten i Sunnylven kyrkje.
Også dirigent Kjellaug Oma kom på den improviserte scena som solist i ein av songane.
Det var så bra det heile, Ave Maria, Mitt Hjerte alltid vanker, og solistinnslag på fløyte av Evgenii Zhukov gav kraftfull applaus, det var så bra at ein nesten ikkje trudde konserten var arranget av eit lokalt kor i Sunnylven kyrkje.
Hallstein Kurseth leverte vakkert, både i song og på gitar i Sunnylven kyrkje.
Det vart ein konsert med mange høgdepunkt, eitt av dei var med musikar Hallstein Kurseth med song og spel på gitar. At han rosa Sunnylven kyrkje som eit flott konsertlokale var ein ting, men å høyre han framføre songen som Christel Alsos hadde med i sommarkonserten i kyrkja i juli i år var stort. Det var vakkert.
Stort var også mykje anna som var framført denne kvelden, og då må vi nemne songen O, helga natt med Trond Otto Berg som solist. For undertekna var det eit høgdepunkt vi tok med heim som eit hyggeleg minne frå konserten.
Trond Otto Berg som solist i O, helga natt var eitt av mange høgdepunkt i konserten.
Sunnylven kyrkje er eit godt lokale for song og høgtid, sa dirigent Oma til hellesylt.info etter konserten. Det må ho ha rett i for solide tømmerveggane og høgt under taket gav ein flott og minnerik konsert i kyrkja med KorNøye søndag kveld.
Koret er utruleg bra og vi gler oss alt til neste konsert med dei same i kyrkja neste gong.
