22. januar 2026

Strålande musikktime med skulen

Det var høgtid og jul då Sunnylven skule tok turen til kyrkja måndag. Der vart det vakre juletonar og mykje applaus for unge aktørar.

Måndag 15. desember var det julekonsert med elevar frå skulen i Sunnylven kyrkje, og her fekk dei frammøtte høyre kjende og kjære juletonar frå fleire instrument.
Sjølv om det var fleire dagar att til jul vart det julestemning i kyrkja denne føremiddagstimen. Her klang det vakkert frå fleire instrument, piano, fele, gitar, blåseinstrument og trommer, og applausen let ikkje vente. Og det skulle berre mangle, her sat unge musikarar, og leika fram dei vakre juletonane frå fleire kjente songar.

Piano var det som vart mest brukt av elevane denne dagen. Alle kom god frå «julekonserten», men nokre var nok komne noko lenger i øvinga mellom fingrar og tangentar.

Julekonserten til Sunnylven skule vart ein flott time, leia av to lærarar, Synnøve Hjellbakk Hole og Stephanie Roux.
Det opna så friskt med mange unge elevar på kornett og andre blåseinstrument, og med ein elgelsktalande instruktør som retteleg fekk det til å svinge. To flotte opningsmelodiar sette standard for kva som ville kome seinare i julekonserten, og publikum vart ikkje skuffa.
Vi fekk høyre mange elevar spele kvar sine julesongar på piano, kanskje så mange som ti, tolv. Mellom dei var 13 år gamle Ane som var koma lengst og imponerte mykje.

Etter kvart kom også andre instrument, som to jenter på fele saman med lærar Synnøve og Erik Torset på gitar. Og til slutt kom eldste klasse, eit band med eldre elevar på gitar og slagverk.

Det var jul i kyrkja, og konserten gav prov på at Sunnylven skule jobbar godt med det musikalske faget. Det vart ei fin stund, og gledeleg opptakt til høgtida vi går i møte.
Torsdag er det juleavslutning ved Sunnylven skule så kanskje alt då får vi høyre meir musikk og kanskje song frå flotte elevar ved Sunnylven skule.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →