Sunnylven IL er klar med sitt årlege julelotteri. Også i år er det mange flotte gevinstar, så kjøp lodd på butikkane på Hellesylt, eller på Vipps.
Her skriv Idrottslaget;
– Set du pris på velstelte, merka råser med 25 trimpostar, eit lokalt treningssenter, engasjerande fotballkampar i sentrum og skiløyper i Hyttehola? Då håpar vi nettopp du kjøper lodd i Sunnylven IL sitt julelotteri.
Ein kan kjøpe lodd i butikkane på Hellesylt. Dei som ikkje har sjanse til det, kan kjøpe lodd via VIPPS.
• Laurdag 13. desember kl. 12.00-17.00 på begge butikkane.
• Fredag 19. desember kl. 15.00-19.00 på begge butikkane.
• Laurdag 20. desember kl. 12.00-17.00 på begge butikkane.
• Frå 13. desember til og med 21. desember kan ein kjøpe lodd via VIPPS. Lodda kostar 20 kr. Merk loddkjøpet med namn og antall. VIPPS-nr. 114217 (dette nr. skal kun benyttast ved kjøp utanom bok)
Trekning og siste frist for å kjøpe lodd er søndag 21.desember
Alt som kjem inn vert nytta til beste for idretten i Sunnylven. Det er 31 fine gevinstar som vert levert på døra før jul. Vinnarane vert også kunngjort på hellesylt.info.
Tenk globalt, handle lokalt og støtt eit aktivt idrettslag! Det er oppfordringa frå Sunnylven Idrottslag.
Vi takkar bidragsytarane for premiar til årets julelotteri!
Nummer og gevinstar:
1 Ole Ringdal AS – fenalår
2 Ole Ringdal AS – fenalår
3 Intersport Stranda – Osprey sekk m. 2 drikkeflakse og 2 sitteplater, verdi 1500 kr.
4 Intersport Stranda – Osprey sekk m. 2 drikkeflakse og 2 sitteplater, verdi 1500 kr.
5 Stadheim Maskin – Undringspremie
6 YX – Gåvekort 500kr.
7 Joker Hellesylt – Gåvekort
8 COOP Hellesylt – Gåvekort
9 HT BYGG Hellesylt AS – Hadeland – 6 stk glass
10 HT BYGG Hellesylt AS – Undringspremie
11 Formvac – Gåvekort Joker 250 kr
12 Formvac – Gåvekort Joker 250 kr
13 Lakseside frå Norsk Sjømat
14 Lakseside frå Norsk Sjømat
15 Laksestykke frå Norsk Sjømat
16 Laksestykke frå Norsk Sjømat
17 Laksestykke frå Norsk Sjømat
18 Laksestykke frå Norsk Sjømat
19 Laksestykke frå Norsk Sjømat
20 Laksestykke frå Norsk Sjømat
21 Geirangerfjorden verdsarv – Merete Dehn sjal
22 Geirangerfjorden verdsarv – Rørospledd Flydalsjuvet
23 Kort Hellesylt treningssenter – verdi 1100 kr
24 Gåvekort frå Hellesylt Boutique & Bar – 400 kr.
25 Einerøykt ørret frå Gardskjøkkenet
26 Einerøykt ørret frå Gardskjøkkenet
27 Kasse med Grandiosa 10 stk
28 Kasse med Grandiosa 10 stk
29 Orkla – Kolonial kasse
30 Orkla – Kolonial kasse
31 Sparebanken Møre – Sekk med diverse innhald.
