Vi har saksa frå årsmeldinga til Hellesylt UL, eit litt rolegare år enn vanleg, skriv leiinga. Men det vart mykje bra som Grendakveld, deltaking i Hellesyltdagane, og Solsnubading.
Hellesylt Ungdomslag hadde 140 betalande medlemer siste år, ein nedgang på tre frå året før.
Laget hadde eit litt rolegare år i 2025, men lovar å kome sterkare tilbake, står å lese i årsmeldinga. Den summerer likevel opp mykje positivt frå lagsarbeidet i fjor, så Hellesylt Ungdomslag må vel seiast å vere eit aktivt lag for både unge og eldre.
Her tek vi med litt frå årsmeldinga for 2025.
Året starta med to lag i tevlinga «Kven veit». Lag A kom på ein delt 11. plass, og det andre laget på delt 13. plass. Med andre ord ein flott innsats av begge.
I april gjekk den årlege «Grendakvelden» av stabelen. Dette året var det Bygdarane som stod for underhaldning frå scena i ein fullsett sal i samfunnshuset. Som vanleg var stemninga god i salen, også under dansen etterpå der orkesteret «Kruttrøyk» spela opp.
Hellesylt Ungdomslag var også i 2025 arrangør av kyrkjekonserten under Hellesyltdagane. Dette året var Christel Alsos gjesteartist.
Diverre var frammøtet til den flotte konserten lavare enn venta og det vart underskot på arrangementet.
Men Andesleppet under Hellesyltdagane gav pengar i lagskassa. Heile 2259 andelodd vart selde og sette eit flott punktum for dei 35. Sommardagane på Hellesylt.
Heftet «Jul på Sunnmøre» vart også dette året å få kjøpt. Laget selde 116 hefter, noko som var 24 fleire enn året før.
Og 21. desember var det «Solsnubading» på badestranda på Hellesylt. 21 damer og menn hoppa i sjøen i 9.0 plussgrader på badestranda, det nest høgaste talet badande nokon gong. Berre året før var det fleire, då var talet 35.
