Det nye året starta med berre fint ver, men det vart kaldt dei fyrste dagane i januar.
Sjølv om det var tett skydekke og litt snø i lufta var nyttårskvelden i Sunnylven av dei rolege vermessig. Og fineveret heldt fram også dei neste dagane i januar, men temperatuen fall mange grader, litt kaldare enn behageleg tykte nok mange.
Det kom litt snø i romjula så kulden gjer nok ikkje skade på overvintrande vegitasjon, eller at vassleidningar frys.
Temperaturen har lege mellom ti og femten grader minus dei fleste stader i Sunnylven dei fyrste dagane av januar. Kaldast var det truleg i Strand på Tronstad. Der vart det målt 23.6 minus rundt klokka 06.00 på søndag, men temperaturen steig ut over dagen til – 18.3.
Stigande temperatur var det også på Storstein, frå – 15.6 til litt under – 10.0 ut på dagen.
Også resten av den fyrste heile veka i det nye året ser fin ut, det er meldt kaldt ver, men med roleg vind og opphaldsver.
