14. februar 2026

Fjord1 AS søkjer etter mannskap

Turistferja MF Veøy ved kai på Hellesylt.

Fjord 1 AS søkjer etter mannskap på dei to turistferjene MF Bolsøy og MF Veøy for sesongen 2026.

Ferjeruta mellom Geiranger og Hellesylt startar opp 1. april og varer fram til 31. oktober.
I denne perioden freng Fjord 1 mannskap på fleire plassar på dei to ferjene, overstyrmann, maskinsjef , matros og cateringmedarbeidarar.

Arbeidstida er turnus med to veker i arbeid og to veker fri,
-perfekt for deg som ønskjer ein god balanse mellom jobb og fritid,- skriv selskapet i annonse.

Mannskapet har som nøkkelrolle å sikre trygg og profesjonell drift, samstundes som ein bidreg med å skape minneverdige opplevingar for reisande frå heile verda, heiter det.

Søknadsfrist til jobbar på turistferjene mellom Hellesylt og Geiranger er 31. mars 2026.
Og etter endt jobb kan vedkomande søkje på ledige jobbar og fast stilling på andre samband, skriv Fjord 1 AS.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →